tirsdag 2. desember 2008

Bilder fra markeringa

Det var ein klår og vindstille kveld. Som eg hadde lova.


Standen settes opp
Standen tek form

Røde kors ungdom sin stand


Tore er klar til innsats

Appell ved Petter Tvedt

Eg tror på mennesker som brenne. Og på faklar.

Fakkeltoget gjekk gjennom Bergen.




May-Irene tek ansvar og kjem med bøtter til fakkelsløkking

Ein noko uklår Sigvart



Vi fekk ljos med Aids-sløyfe på som vi skal tenna og hugse kva vi
forplikta oss til. I tillegg fekk eg den finaste koppen.

tirsdag 25. november 2008

Banner

What Would Jesus Do?

Hvorfor takket du ja til å delta på arrangementet vårt på Verdens aidsdag 1. desember?
-Jeg takket ja fordi jeg synes det er viktig åvære med på å markere kirkens tilstedeværelse i forhold til hiv-aids.

"Naken hud" handler om hiv/aids. Kan du fortelle litt mer rundt sangen?
-Den ble skrevet i 1988, akkurat da hiv/aids ble noe en snakket om. Gunnar Prestegård og en del andre ropte ut at dette var Guds straffedom, og det var viktig å komme med noen motstemmer. Det er jo Erik Hillestad som har skrevet teksten, så han kan sikkert utfyllende fortelle mer om hva han tenkte med den, men det første spørsmålet som dukket opp var jo "hva ville Jesus gjort"? Han gav jo bare et bud til verden som skulle settes over alle de andre, gamle, nemlig budet om din neste, eller den barmhjertige samaritan om du vil. Så svaret her er jo åpenbart.


Har du noen tanker om hva en slik dag kan bety for Hiv-/Aidsrammede og deres pårørende?
- Jeg håper at en slik dag kan være en av mange tusen byggesteiner til et bygg som huser dem, og ikke fordømmer dem.

På konserten i Jakobskirken snakket du om at du ønsket en åpen kirke
for alle. Hadde du da homofile i tankene? Hva mener du om at mange prester i Den norske kirken nekter å vie homofile?

- Jeg hadde blant annet homofile i tankene, men også alle dem som gjennom århundrene har blitt utestengt fra den norske kirke.

Når det gjelder spørsmålet om alle de som nekter å vie homofile, mener jeg at de burde vite bedre. Det hele er etter min mening basert på svært sviktende teologi, noen Pauliord både feiltolket og revet ut av sin historiske sammenheng samt en påstand om at gud skapte mann og kvinne, og at dette indikerer at de skal leve sammen og ikke samme kjønn skal gjøre det.


Men mest av alt er denne skepsisen til homofile basert på en årelang tradisjon. Men endringen er jo allerede kommet, og om ti-tjue år vil det ikke være noen som snakker om det lenger, så kanskje en skal bare gi disse prestene litt tid, samtidig som en utfordrer tankegodset deres?

Å leve med hiv.

Walter Heidkampf (48) er hivinformant og er for tida i ei prosjektstilling i Helseutvalget. Heidkampf har teke eitt års permisjon frå jobben i RFSL for å engasjera seg i kampen mot hiv i Noreg. Walter er ein av appellantane på Verdas Aidsdag på Festplassen i Bergen i 2008. I tillegg skal han medverke under gudstenesta i Korskyrkja. Vi ønskte å vete litt om korleis ting har endra seg dei siste 20 åra, samt kva som er motivasjonen for å vere hivinformant.

- Er det lettare å leve med hiv i dag enn for 20 år sidan?

På eit generelt plan kan det vere lettare å leve med hiv i dag. Eg tenkjer då fyrst og fremst på kombinasjonsbehandlingane mot hiv. Dei gjer at hiv ikkje lengre er ein sjukdom som fører til døden. Men i kjølvatnet av medisinane har vi ein del langsiktige biverkningar – hjarte- og karsjukdommar, ulike kreftformar og diabetes til dømes. Så hiv er framleis ein særs alvarleg infeksjon som slit på immunforsvaret.


For den enkelte kan det sjå annleis ut. Som kjend tek ikkje medisinane bort negative haldninger, fordomar, stigma og diskriminering. Det må vi som har hiv framleis leve med, i større eller mindre grad.

Mange av oss lever tilsynelatande vanlege liv. Dersom ein ser litt nærare ser vi og ei gruppe som i blant har vanskar med å handtere sitt liv som hivpositiv. Mange verkar framleis redde for å fortelje om dei har hiv. Ein del påverkast sterkt av lovgivninga som kriminaliserar personar med hiv. Redsla for at folk skal ta avstand eller at ein skal bli oppsagd frå jobben dersom det kjem ut at ein har hiv er stor.

- Kvifor har du valgt å vere hiv-informant?

For meg starta det med at eg såg nokre kjendisar som hadde hiv, og eg kjende meg ikkje att i deira liv med hiv. Samstundes som det var ein eigen bearbeidingsprosess å forsone seg med og akseptera in hiv, ville eg visa at hiv kan ramma såkalte ”vanlege” homsar. Eg fekk beskjed i 1989, og da var det likestilt med ein dødsdom. Ettersom åra har gått har det vore andre faktorar som har vorte styrande for meg. Eg merkar at berre det at det å finnast til som ein samtalepartnar for andre hiv-positive homsar er viktig.

Å leve ope med min hiv i stort sett i alle samanhenger trur eg óg gjer ei styrke for dei som enda ikkje har teke steget ut og fortald om sin hiv til nokon som står ein nære. Førebilete var noko eg sjølv sakna når eg fekk beskjed om at eg var smitta, nokon å prata med som var i same situasjon. Så å vere der for andre og vise at det er mogleg å leva ope med hiv er store drivkrefter for meg.

Helseutvalget har starta eit prosjekt ”Buddy – noen å snakke med!” rettat mot homsar som nett har fått sin hiv-beskjed, men også for dei som har levd med hiv ei stund. Dersom ein ønskjer nokon å prate med kan ein kontakta oss. Frå 1. desember lanserar vi også ei webside
www.hvaskjernå.no med informasjon til same målgruppe. Her kan du og få ein innblikk i korleis det kan vere å leve med hi
v.